Kva du finn her:
- Bloggen
- Støttesider for vevstaden
- Nokre funderingar over livet generelt og spesielt
- Sider om eit liv med mykje enkel rock
Finn Tokvam fortel ei historie frå ein kveld på by'n:
– "Jeg hater sidemål," sa østlendingen.
– "Eg òg," sa Tokvam.
Nokre ferske sider på nynorsk:
Bloggaren er vaksen opp med trøndsk som målføre, eit mål Aasen knapt tok omsyn til og ikkje tok med seg noko stort av i landsmålet. Difor er langt dei fleste vevsidene òg på bokmål. Til dømes er ein heil seksjon med lugubre tekstar ikkje tilgjengeleg anna enn på – nettopp – bokmål. «Kva for poeng er det?», spør du kanskje. Tja, det er ei lang historie som heng saman med utviklinga av vevstaden aage.no.
Dei første bloggåra, 2000-2004, blei sider med nyhende først skrivne på bokmål og deretter omsetje til nynorsk, engelsk og tysk. I 2005 fekk dei fire språka kvar sin blogg. Resultatet var mellom anna at bokmålsbloggen eksploderte i antall posteringar.
Hovudsidene, aage.no, er no ein vevstad berre for yrkes- og karrièreretta tekst og aktivitet. Til dømes finn du cv og oversyn over kva tenester eg kan tilby der borte.
På dei vevsidene er målføra/språka jamstilte, og dei fleste sidene finn du på alle fire. Rett nok inneheld nynorskdelen sider om utdanning som du ikkje finn på bokmål eller engelsk. Likeins ligg det nokre særs lange tekstar på bokmål der, tekstar som det ville ta fleire månader å gje nynorsk språkdrakt, noko som ikkje blir prioritert.
Som nemnd finn du langt fleire sider på bokmål enn på nynorsk på denne vevstaden. Utanom bloggen gjeld det òg for sidene om trøndersk pønk. Sannsynlegvis kan langt dei fleste som vitjar vevstaden, på ein god dag og med noko godvilje, lese fleire språk. Ei slags utgreiing om omleggjinga av vevstaden finn du elles i starten på den engelske bloggen for 2007.
uansett: God lesing!
Åge :: 5. desember 2003-29. januar 2009
aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508
Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©
www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no